Dekotrapes

Fra dykkepedia.com
Revisjon per 20. nov. 2010 kl. 19:25 av >MD
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversikt over trapes (Source:BSAC)
Trapes i bruk
Hvorfor bruke trapes

Formål

Dekompresjonstrapes brukast for å gjere dekompresjon i farvatn med straum tryggare og meir komfortabelt. Ved bruk slepp overflateberedskapen å følge opptil fleire (D)SMB'er, som er hjelpsomt i områder med mykje overflatetrafikk og tillater at reservegass kan bli hengt av på trapesen.

Trapesen tar ikkje mykje plass. Foretrukkent valg er aluminiumsrør med bly i endane, eller syrefast stål. Skikkeleg lagring og oppbevaring på båten fører til at den kan lett settast ut og lagrast.

Trapesstenger

Ein trapes består av eit sett med stenger som er hengt av på normale stoppdybder, vanlegvis på 9m, 6m og 4,5m. Trapes med kun ei stang på 6m er ikkje uvanleg, spesielt i varmare strøk, sidan dei er vesentleg lettare å sette ut og ta inn. Fleire materialer kan brukast for stengene.

  • Plastikk

Plastikkrør trenger ballast for å synke, og kan fyllast med betong. Dette vil føre til mindre slitasje på ein RIB ift. metallstenger.

  • Aluminium

Aluminium rør trenger ballast - ofte er det brukt bly festa til stenga.

  • Syrefast stål

Syrefast stål eller galvanisert stål er tungt nok til å ikkje krever ballast. Diameteren til stenga er viktig å vurdere, sidan alt over 40mm ikkje er ergonomisk og kan være vanskeleg å få tak på med ein 5mm hanske, samanlikna med trinn på ein stige.

Bøyer

Bøyer som brukast må ha nok oppdrift til å holde stenga og annet utstyr som hengast på, feks. flasker med nødgass. Dei må og være lett identifiserbare på overflata. Sofnolimekanner er ideelle sidan dei er gratis, sjølv om dei kan være vanskelege å sjå frå overflata (å male dei kan hjelpe).

Transit-tau

Transit-tauet går frå bunntauet til den djupaste stanga på trapesen. Når den siste dykkeparet kjem til transit-tauet (transfer line), kan dei frigjere trapesen til å drive med straumen. Vanlegvis er transit-tauet ca. 30m langt, og går frå 20m dybde på bunntauet til djupaste stanga på trapesen (9m eller 6m).

Hurtigklips (slip-kroker eller karabinkroker) gjer at man kan frigjere transportlina mens den er under belastning. Om man har eit tynt tau som kan kuttast mellom transit-tauet og hurtigklipsen, gjer det lett å kutte seg fri om hurtigklipset sviktar.

Sidan trapesen skal frigjerast av siste dykkeparet, er eit system for å logge dykkepar er påkrevd, så dei veit om dei er det siste paret eller ikkje. Dette kan ofte være ei løkke festa rundt bunntauet med eit dreiereis-knop der kvart par klipser på ein lapp på veg ned og tar den med seg på veg opp. I tilfelle man får eit dykkepar som ikkje kjem tilbake til bunntauet, bør ei tid for å koble seg frå settast. Etter dette tidspunktet vil trapesen bli frigjort frå den øvre enden av transit-tauet. Dette krever eit sett til med hurtigklips på den øvre enden av transit-tauet og at transit-tauet er festa til bunntauet ved hjelp av eit dreiereips-knop.

Lagring på båt

  • Rekkefølge i bruk

-> Bunntau -> Trapes -> Dykkerutstyr!

FØRST so stuer man alt utstyret ryddigt. Første man trenger på dykkeplassen er bunntauet og deretter trapesen, so ikkje stu 6 dobbeltsett opp på trapesen. Stu utstyr først, deretter få ombord trapesen, med enkel tilkomst. Man bør ha gode kroker på bøyene og man fester dei før man går ut. Jo mindre styr på dykkeplassen = mindre sjanse for at man mister tidevatnet = mindre sjanse for gretne dykkarar.

Trapesen kjem ombord sist

Lagring på RIB

  • Bruke targabøyla som lagringsplass.

- Held trapesen ute av vegen, bøyer kan stuast og sikrast i baugen.

Ute av vegen på targabøyla

Utsetting

Bunntauet må settast først, deretter kan trapesen "rullast ut" av båten, slik at bøyene er sist i vatnet.

Transit-tauet kan festast først, slik at bunntauet og trapesen settast ut samtidig, sjølv om det oftast er lettare å sende første paret ned med transit-tauet. I tillegg eit tidleg dykkepar vil ta med seg reservegass-flasker og henge dei frå seg på trapesen på veg ned.

Bruk under dykking

  • Sjekke inn
  • Sjekke ut
  • Transit-tau og dybder.

Dykker til overflate signal:

  • Rød bøye - alle dykkarar trygt komne til trapesen.
  • Gul kompis - trapesen frigjort med dykkarar som manglar på trapesen.
  • 2 gule bøyer - Meir reservegass trengs.